fredag 9. oktober 2009

Hyttetur


Har vore på hytta til svigers og rydda til vinteren..Tok lengre tid enn forventa sjølvsagt, men godt å få det gjort:)

torsdag 8. oktober 2009

Haustmorgon


0 grader og rim på bakken klokka 8. Eg trur det blir ein fin dag!

onsdag 7. oktober 2009

Hausttur


Nydeleg ver her i dag:). På veg frå babysang til butikken. Deilig å vera ute trass vinden!

søndag 4. oktober 2009

Morgonfuglen min


Er nok samt det dei seier om at sein legging betyr tidleg morgon:(. Åleine i går kveld, og junior var ikkje i seng før 9..mannen feira bursdag til seint, so eg er nok åleine ei stund framover òg. Hehe

fredag 2. oktober 2009

Krabbestilling


Det klarte han på matta i dag:-). Fekk ikkje bilete av det dessverre, men her er han i aksjon i alle fall! Kjekt å vera på golvet litt etter kjekk kafétur med pappen i dag.

torsdag 1. oktober 2009

Smokkeguten


Vesle-S har plutseleg byrja å ta smokken, og er nesten blitt avhengig av den for å sovna:(. Men betre enn kun pupp..

laurdag 26. september 2009

Første tanna!

Skulle gje vesle-S gulrot under middag hjå svigers i dag, og kjende noko hardt!!! Han har fått ei tann nede :) Eg har trudd han kun har vore forkjøla og at nattevåken er forlenging av det. Men sidan siste natta var betre, kanskje det er ein sjanse for at nettene framføre vert betre!! - iallfall til neste forkjøling eller tann kjem fram...